Adventura Event & Travel vart starta rundt kjøkkenbordet i november 2024 av Paul Arne Aadnesen og Mats Nossum. Etter mange år i servicebransjen – innan butikk, reiseliv, olje og eigedom – kjende vi at tida var inne for å gjere noko nytt.
Gjennom åra har vi vore med på utallige samlingar i jobbsamanheng, og sett eit tydeleg behov hos bedrifter som ønskjer noko meir enn det tradisjonelle konferanserommet. Nokre ønskjer nye impulsar, andre vil styrke samhald og relasjonar – i eit miljø som inspirerer på ein heilt annan måte.
Vi sette oss ned og tenkte: kvifor ikkje ta folk med ut? Med dei same fasilitetane og føresetnadene som inne, men i eit nytt miljø – i fjellet eller ved sjøen.
Vi har lagt til rette for bedriftssamlingar i fjellheimen, servert middag under open himmel og skapt rom for gode samtalar rundt bålet. Samarbeidet med dyktige føredragshaldarar gjer det mogleg å skreddarsy program som er tilpassa akkurat det di bedrift treng.
Adventura Event & Travel har tilgang til fleire unike lokasjonar og tilbyr fullt AV-utstyr, lunsj og middag laga av ferske råvarer, samt eit dedikert vertskap som held i alle trådar. Målet vårt er at dykkar arrangement og teambuilding ikkje berre skal fungere – men bli eit minne og ei oppleving.
Difor seier vi: «Opplev meir i lag».
Vi er hands-on i kulissane og til stades gjennom heile arrangementet, frå planlegging til gjennomføring. Alle pakkar vert skreddarsydde etter behov, ønskje og budsjett.
Gjennom 2025 har vi knytt til oss samarbeidspartnarar som deler den same visjonen og misjonen som oss – noko som har vore avgjerande for å kunne levere opplevingar av høg kvalitet.
Til saman har vi over 50 års erfaring med å skape gode opplevingar for menneske, anten det har vore for privatpersonar, lag og organisasjonar eller gjennom arbeidslivet vårt.
Vi legg stor ære i det vi driv med, og strekkjer oss langt for å nå felles mål – saman med kundane våre.