Feiringar, bursdagar, teamfestar, firmaturar, julebord

Vi skreddarsyr dei fleste arrangement og gjer vårt beste for å tilpasse opplegget etter dykkar ønskje og behov.

Målet vårt er å gjere dagen uforgløymeleg – eit minne som varer.

Vår styrke ligg i å setje saman heilskaplege opplegg i samarbeid med dyktige partnarar, slik at de kan fokusere på å vere til stades og nyte selskapet. Vi tek hand om logistikk, planlegging og gjennomføring – frå A til Å. Alt blir gjort så sømlaust som mogleg.

Gjennom, og saman med, våre gode samarbeidspartnarar kan vi tilby:

– Unike lokasjonar i heile distriktet
– Transport
– Mat og servering
– Overnatting
– Underhaldning: liveband, stand-up og humorshow, soloartistar
– Aktivitetar: rebusløp, surfekurs, RIB-safari, køyring på racerbane, matkurs og båtturar
– Dedikerte menneske som held i heile opplegget

Adventura er bindeleddet som er med i heile prosessen – frå idé og planlegging til gjennomføring.

– Éin kontaktperson og éi faktura etter gjennomført arrangement, basert på det som er avtalt. Ingen overraskingar.